Landbruksministeren maner til varsomhet med dyr som julegaver

Meningsytringer på denne siden står helt og holdent for bidragsyterens regning, og representerer ikke nødvendigvis redaksjonens syn.



• publisert
• oppdatert
To malteservalper.
Foto: HAIDI

– Å få og ha ansvar for eit dyr kan vere ei stor glede, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

– Men før du og familien skaffar dykk eit dyr, må de tenkje godt gjennom kva dette fører med seg av ansvar og oppgåver gjennom heile levetida til dyret. Dyra er prisgitt det stell og den omsorg vi menneskje gir dei, seier Bollestad.

Portrettfoto: STORTINGET

Å gje dyr eit godt liv krev både kunnskap, tid og pengar. Dette gjeld ikkje berre for katt og hund, men for alle dyr som til dømes akvariefisk, kanin, hamster og fugl. Som eigar må du setje seg inn i kva behov dyret har til stell, levemiljø og stimulerande aktivitetar.

For mange dyr blir forlatne av eigarane sine

At ikkje alle har tenkt godt nok igjennom ansvaret som følger med det å skaffe seg dyr, blir diverre ekstra synleg ved at frivillige organisasjonar før feriar opplever at fleire dyr treng hjelp fordi dei blir forlatne og dumpa eigarane sine.

LES OGSÅ:  Regjeringen foreslår endringer i arveloven for landbrukseiendommer

Eit dyr kan leve i mange år

Etter dyrevelferdslova kan ikkje barn under 16 år ha eit sjølvstendig ansvar for dyr, og ein vaksen må ha ansvar for dagleg oppfølging og stell. Eit dyr kan leve i mange år, og den som skaffar seg eit dyr må tenkje langt framover og ha kunnskap om behova til dyret. Til dømes kan kaninar bli mange år, og bør få kunne springe fritt saman med andre kaninar minst fire timar dagleg.

Kjæledyr kan vere kostbart

Hald av kjæledyr kostar også pengar. I tillegg til utstyr og mat vil det kunne bli utgifter for behandling av dyret hos veterinær. I feriar må ein som dyreeigar sikre at dyret blir passa på av nokon som kan behandle dyret forsvarleg, til dømes eit dyrepensjonat med godkjenning frå Mattilsynet, eller hos ansvarlege vaksne.

2020-12041