De totalt 160 kirkene som er aktuelle for tildeling av midler, får nå penger til å skifte ut slitte el-anlegg, gamle varmeovner og til å utbedre tak som lekker og murer som sprekker.

Følgende står å lese i pressemeldingen som ble sendt ut av Riksantikvaren i dag, mandag 1. februar 2021:

– Det er viktig for meg å kunne sikre dei gamle kyrkjene våre. Som kulturminne står dei i ei særstilling i Noreg. Dei betyr òg mykje for folk som sentrum for livshendingar i by og bygd, seier tru- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Samla er det 70 millionar kroner som Riksantikvaren på vegner av staten deler ut denne gongen. Av desse er 21 millionar kroner til tiltak som gjeld elektriske installasjonar.

Det har vore ei auka satsing på istandsetting av gamle kyrkjer. Dei siste tre budsjettåra har regjeringa til saman løyva 172 millionar kroner til sikring av kulturhistoriske kyrkjer rundt om i landet.

Klimaskall og el-anlegg

Kyrkjene har anten fått midlar til sikring av klimaskall, eller til utskifting og utbetring av el-anlegg.

LES OGSÅ:
Hakavik kraftverk er nå fredet av Riksantikvaren

Med «klimaskall» meiner ein alt frå tak, takrenner og beslag, ytterveggar, vindauge og dører, som er dei delane av kyrkjene som er særleg utsette for klimapåverking.

– Kyrkjene er blant våre mest verdfulle kulturminne, både når det gjeld arkitektur, handverk og kunsthistorie. Desse midlane gir mange kyrkjer eit skikkeleg løft i arbeidet med vedlikehald og istandsetjing. Særleg viktig er det at ein no prioriterer dei mange mellomalderkyrkjene, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Om tilskotet

Tilskotet skal dekkje inntil 60 prosent av kostnaden for oppussinga.

Kommunane på staden må òg bidra økonomisk. Den øvre grensa for støtte er på 900 000 kroner. Kva for kyrkjer som vert omfatta av støtta, og kva for sikringstiltak som kan gjennomførast, avgjerast mellom anna av kulturmiljøforvaltninga og kyrkjelege instansar i samråd.

Midler til lokale tiltak:

Klimaskallsikring av kulturhistorisk viktige kirker i distriktet (av totalt 70 kirker på landsbasis):
Haug kirke, Øvre Eiker – 900 000 kroner
Hedenstad kirke, Kongsberg – 900 000 kroner
Kongsberg kirke, Kongsberg – 900 000 kroner

LES OGSÅ:
Kreativiteten blomstret i Øvre Eiker under årets 17. mai

Utskifting av el-anlegg (av totalt 93 kirker på landsbasis):
Efteløt kirke, Kongsberg – 300 000 kroner

2021-02002