22.7 C
Hokksund
onsdag, 31. mai 2023
Tipstelefon (også sms): 920 41 122
- ANNONSE -

Seljord: Dyrsku'n 2019

fre13sep(sep 13)09.00søn15(sep 15)18.00Seljord: Dyrsku'n 2019Dyrsku`n har vært avholdt i Seljord hvert år siden 1866

Info

I over 150 år har handels- og landbruksmessa, folkefesten og fesjået Dyrsku’n samla over 90 000 menneske årleg frå heile Sør-Noreg. Det heile starta i 1850-åra då det vart avvikla fesjå på ein rekke plassar i Telemark.

Fyrst og fremst fesjå

Her møtte bøndene fram for å handle og selje, fyrst og fremst var det handel med dyr, men etter kvart kom det òg andre varer til. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under marknadane.

Etter kvart var det sterke krefter som ville ha fesjåa samla på ein fast stad, så då Even Høyesen Nordgarden stilte eit 100 daa stort område til disposisjon, samstundes som statsagronom Johan Lindequist jobba iherdig med myndigheitene, vart det avgjort at fesjåa skulle haldast i Seljord. Slik vart Dyrskuhistoria til.

Omsetnad av landbruks- og anleggsmaskiner

I dag er det ein møtestad og kunnskapsarena med alt frå omsetnad av landbruks- og anleggsmaskiner i stor målestokk, kniv- og klokkehandel til lokalmat og ei husflidutstilling med utstillarar frå heile landet.

Dyra finn du sjølvsagt fortsatt her. Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til Dyrsku’n, som alltid startar 2. fredag i september!

Opningstider

Fredag 13. september kl. 09.00-20.00
Laurdag 14. september kl. 09.00-20.00
Sundag 15. september kl. 09.00-18.00


 

Tid

13 (Fredag) 09.00 - 15 (Søndag) 18.00

Sted

DYRSKUPLASSEN - Seljord

Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

DYRSKUPLASSEN - SeljordNordbygdivegen 60, 3840 SeljordDyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode campingareal, sanitærfasiliteter, grøntområde, smågater og gardstun.

Pris

VOKSEN FRA 16 år
Dagspass på nett: 200,- – Helgepass på nett: 480,- – Dagspass i porten: 240,- – Helgepass i porten: 530,-

BARN 6-15 ÅR
Dagspass på nett: 70,- – Helgepass på nett: 180,- – Dagspass i porten: 80,- – Helgepass i porten: 190,-

BARN 0-5 ÅR
Gratis alle kategorier

Arrangør

Dyrsku`n Arrangement AS - Seljord

Telefon: 35 06 57 70 | E-post: post@dyrskun.no Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

Learn More